Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Rune Fossum Lillesvangstu

fagansvarlig

Rune Fossum Lillesvangstu har skrevet 83 artikler

Nylig aktivitet

  1. Vinnere av kongepokalen i vektløfting: oppdatert 27. august 2024
  2. Ragnar Holme: oppdatert 27. august 2024
  3. Ragnar Holme: oppdatert 27. august 2024
  4. Ragnar Holme: publisert 27. august 2024
All aktivitet

Fagansvarlig for 2 kategorier:

  1. Vektløfting 25
  2. Volleyball 42

Biografi

Rune Fossum Lillesvangstu (f. 1974) er fagansvarleg for volleyball og vektløfting i Store norske leksikon. Lillesvangstu har ein bachelorgrad i journalistikk frå Mediehøgskolen i Kristiansand, mellomfag i historie frå Universitetet i Trondheim og grunnfag i statsvitenskap frå Høgskolen i Molde.

Han har bakgrunn frå Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande offiser på Grense Jakobselv grensestasjon ved den norsk-russiske grensa.

Lillesvangstu jobba deretter i ti år som sportsjournalist i den fylkesdekkande avisa Firda i Sogn og Fjordane, der han mellom anna følgde Sogndal i Tippeligaen og nokre av dei beste utøvarane i landet i idrettar som langrenn, friidrett, skiskyting, volleyball og vektløfting. Frå 2009 til 2016 jobba Lillesvangstu for NRK Sogn og Fjordane, der han var vaktsjef og reporter på alle plattformer. Sidan har han vore tilsett ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Først som faglærar i journalistikk og media, og frå 2021 som dagleg leiar.

Hausten 2017 debuterte Lillesvangstu som forfattar med boka “50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane” på Selja forlag. Han gav i 2020 ut boka "Den spreke hundreåringen" om Førde Idrettslag.