Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Øya Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Isle of Man)
Ellan Vannin (manx)
Isle of Man (engelsk)
Det manske flagget
Det manske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Motto: Quocunque Jeceris Stabit
Geografisk plassering av Man
Offisielle språk Engelsk, manx
Hovudstad Douglas
Styresett
Lord of Mann
Viseguvernør
Sjefsminister
Monarki
Charles III
Sir John Lorimer
Alfred Cannan
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
572 km²
0 %
Status Biland
underlagt Storbritannia 1765
Valuta Man-pund
(likestilt med britisk pund)
Nasjonalsong «Arrane Ashoonagh dy Vannin»
Nasjonaldag Tynwalddagen, 5. juli
Internasjonal telefonkode +44

Man (engelsk Isle of Man; manx Ellan Vannin) er ei av Dei britiske øyane og ligg i Irskesjøen. Øya er sjølvstyrande, men høyrer òg direkte inn som ein eigedom under den britiske krona. Såleis er ikkje Man med i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.[1]

Man er eit tidlegare norsk skattland. Frå om lag år 700 til år 900 var Man eit vikingkongedøme. Man var lagt under kongen av Noreg fram til 1266, då Skottland tok over øya. Ho kom under den britiske krona i 1765.

Innbyggjarane øya er prega av dei keltiske og norrøne røtene sine, i tillegg til langvarig engelsk påverknad, noko ein mellom anna kan sjå på musikken der.

På Man har ein i tillegg til engelsk snakka språket manx, som er eit keltisk språk. Den siste talaren av manx døydde i 1974, men ein prøver no å vekkja språket til live att.

Man er eit demokratisk monarki med kong Charles III av Storbritannia som statssjef eller «Lord of Mann». Kongen er representert på øya av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er parlamentet Tynwald, som har to kammer. Tynwald vedtek lover og fører tilsyn med indre saker, skattepolitikk og sosialpolitikk. Eksterne tilhøve, som forsvar og representasjon i utlandet, vert styrt av britiske styresmakter. Man svarar ei årleg godtgjersle for desse tenestene.

  • Manxkatten er ein kjend halelaus katterase som stammar frå Man
  1. «Isle of Man» (på engelsk). CIA – The World factbook. Henta 15. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]