Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Logoen til Helsedirektoratet

Helsedirektoratet er ein del av staten, som skal gje råd om helse til alle som bur i Noreg. Dei gjev òg råd til politikarar som jobbar med helse.

Nokre av råda dei gjev handlar om kosthald, og kva ein bør ete for å halde seg sunn og frisk. Eitt av dei råda seier at alle bør ete fisk til middag minst to gonger i veka. Eit anna råd er å ete fem porsjonar frukt og grønsaker i løpet av ein dag.

Det er òg Helsedirektoratet som gjev godkjenning til folk som skal jobbe i helsevesenet i Noreg. Til dømes er det dei som bestemmer at éin som har studert medisin på eit universitet, kan bli godkjend som lege.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge