Arr er eit merke i huda etter eit sår. Arr er laga av bindevev, og det er som regel lysare enn huda rundt.
Huda består av fleire lag. Huda kan reparere seg sjølv, viss ho blir utsett for ein skade eller eit sår i det øvste laget. For å verne kroppen mot smitte blir det først danna ei skorpe av storkna blod. Så blir det laga nye hudceller under skorpa, slik at huda blir heil att.
Om eit sår går gjennom det øvste laget og ned til lêrhuda, blir ikkje huda heilt heil att. Då blir det eit arr.