Legitimasjon er noko ein brukar for å bevise at nokon er den ein seier at ein er. Det finst både fysisk legitimasjon og digital legitimasjon.
Fysisk legitimasjon er for eksempel pass, ID-kort eller førarkort. I Noreg må fysisk legitimasjon ha bilete av personen, fullt namn og personnummer.
BankID er ei form for digital legitimasjon. Det bruker ein for eksempel til å logge inn i nettbanken sin, levere skattemelding eller signere dokument digitalt.