Cacau
Claudemir Jerônimo Barretto, betre kjend som Cacau (fødd 27. mars 1981 i Mogi das Cruzes i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk-tysk fotballspelar som har spela for Stuttgart i tysk Bundesliga, og for det tyske landslaget. Cacau vart fødd og voks opp i Brasil, men flytta til Tyskland i 1999, som 18-åring. Han vart tysk statsborgar i februar 2009, og 29. mai 2009 debuterte han for Tyskland sitt landslag i ein bortekamp mot Kina. Han skåra dei to første landslagsmåla sine i ein kamp mot Malta 13. mai 2010. I fotball-VM i 2010 spelte han som innbytar i dei to første gruppekampane, og frå start i den siste gruppekampen og i bronsefinalen. Han skåra eitt mål i Tyskland sin opningskamp, mot Australia. Han var Stuttgart sin toppskårar i Bundesliga i 2009/10-sesongen med 13 seriemål.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Claudemir Jerônimo Barretto | ||
Fødd | 27. mars 1981 | ||
Fødestad | Mogi das Cruzes | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Stuttgart | ||
Nummer | 18 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2001 2001-03 2003- |
Türk Gücu München Nürnberg Stuttgart |
31 (7) 44 (8) 177 (62) | |
Landslag | |||
2009- | Tyskland | 12 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. juli 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010 |
Cacau er den første tyske landslagsspelaren som har spelt med eit kallenamn istadenfor etternamnet sitt på landslagsdrakta.
Bakgrunnsstoff
endre