Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Gävle (eldre staving Gefle) er ein by i Gästrikland og administrasjonssenteret i Gävle kommun. Staden er residensstad for Gävleborgs län. Gävle er den 13. største byen i Sverige med 68 700 innbyggarar (2005).[1]

Gävle
by
Land  Sverige
Areal 4 685 km²
Folketal 79 004 (31. desember 2020)
Kart
Gävle
60°40′29″N 17°08′40″E / 60.674833333333°N 17.144388888889°E / 60.674833333333; 17.144388888889
Wikimedia Commons: Gävle
Gavleån renn gjennom staden.
Kart over Gävle frå 1928.

Gävle ligg ved Gävlebukten, der Gavleån munnar ut i Bottenhavet (Austersjøen), cirka 15 km nordvest for Skutskär der Dalälven har sin munning. Cirka 20 km vest for Gävle og oppstrøms langs Gavleån ligg Sandviken. Mellom Gävle og Skutskär ligg Furuvik, kjend for dyre- og opplevingsparken Furuviksparken.

Gävle er ein gamal industristad som ein i dag mellom anna forbind med kafferosteriet Gevalia, som er stadnamnet på latin. Staden har «Välkommen ombord» som motto og flaggskipet ved havet er den nye stadsdelen Gävle Strand. Gävle har eigen sjøredningsstasjon som høyrer til SSRS - Svenska Sjöräddningssällskapet; RS Gävle. I dei seinare år har Gävle fått særs stor merksemd for sin julebukk, Gävlebocken, som vert påtend nesten kvart år.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gävle