Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Innafor historievitskap er nemninga kjelde brukt for å vise til tekstar, gjenstandar eller kjensgerningar. Barthold Georg Niebuhr, sonen til Carsten Niebuhr, var ein av dei første som definerte dette omgrepet.

Kjeldetypar

endre
  • Førstehandskjrlder er samtidige vitnesbyrd som augevitneskildringar og dokument utført av personar som sjølv har opplevd hendinga
  • Andrehandskjelder er seinare vitnesbyrd eller basert på andrehandskjelder (til dømes ei nedskriveb kjelde basert på ei munnleg overlevering)

Vi skil mellom primære og sekundære kjelder. Primære kjelder ligg tidsmessig nær på hendinga, sekundære kjelder er seinare.

Former

endre

Kjelder kan til dømes vera:

  1. skriftlege (dokument, erindringar, brev og liknande)
  2. bilete (fotografi, måleri)
  3. materielle gjenstandar, (t.d. byggemateriale, myntar, gravfunn)
  4. segl

Verdi

endre

Verdien til kjeldene er avhengig av kva for opplysingar som skal bli utleidd av dei. For å bruke ei kjelde må ho blir underkasta kjeldekritikk, eller ei systematisk drøfting av i kva grad vi kan stole på henne, eller rettare kva aspekt ved henne som vi kan stole på. Er kjelda tendensiøs (part i saka)? Kan ho gje dei opplysingane ein leitar etter?

Kjelder

endre

Litteratur

endre