Rolf Groven
Rolf Dagfinn Groven (fødd 11. mars 1943) er ein norsk biletkunstnar frå Fræna i Møre og Romsdal. Han er utdanna innan byplanlegging, arkitektur og kunst. Groven fekk eit gjennombrot som kunstnar med biletet Rolv Wesenlund og Mona Lisa i 1971. Biletet Atomgutten frå 1977 vart nytta i mange land i høve den politiske kampen mot satsing på atomkraftverk.
Rolf Groven | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mars 1943 (81 år) Fræna |
Yrke | kunstmålar |
Ektefelle | Gro Isachsen |
Mange av bileta ber preg av eit politisk standpunkt på venstresida i norsk politikk. Til tider har det vore mykje ordskifte knytt til bileta hans. Fleire gonger har Groven sine bilete vorte refusert av Haustutstillinga.
I dei politiske satirebileta kan det mellom anna sporast nokre hovudpunkt:
- Motstand mot mellom anna Vietnamkrigen og andre krigar.
- Motstand mot norsk medlemskap i den europeiske unionen, noko som kanskje påverka utfallet i 1972 og 1994. EU. I tillegg motstand mot norsk distriktspolitikk.
- Groven er positiv til miljøvernrørsla, f.eks. «Oljemaleri» (1975) og «Bruer og ferge», som begge er måla fritt etter Adolph Tidemand og Hans Gudes «Brudeferd i Hardanger», og «Alta» (1980).