Vjatka
elv i Russland
- Vjatka er også det tidlegare namnet på byen Kirov
Vjatka (russisk Вятка, tatarsk Noqrat, marisk Виче, udmurtisk Ватка) er ei elv i Kirov oblast, Tatarstan og Udmurtia i Russland og ei av sideelvane til Kama frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.
Vjatka | |||
elv | |||
Vjatka ved Kirov
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 129 000 km² | ||
Lengd | 1 314 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Udmurtia | ||
Munning | Kama | ||
Vjatka 58°27′08″N 52°10′03″E / 58.452111111111°N 52.1675°E | |||
Nedslagsfeltet til Vjatka innanfor Volga sitt nedslagsfelt.
| |||
Wikimedia Commons: Vyatka River |
Vjatka er 1314 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 129 000 km².
Vjatka spring ut frå dei nordlegaste delane av Udmurtia. Ho frys til tidleg i november og vert isfri att siste halvdel av april.
Dei største sideelvane hennar er Kobra, Letka, Velikaja, Moloma, Pizjma, Tsjeptsa, Bystritsa, Voja og Kilmez.
Vjatka er rik på fisk, mellom anna brasme, mort, suter, gjedde, åbor og gjørs.
Vjatka er farbar for skip frå munningen til byen Kirov, ei strekning på 700 km. Dei viktigaste byane langs elva er Kirov, Kotelnitsj, Sovetsk og Vjatskije Poljany.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vjatka» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2008.