29. april
dato
29. april er den 119. dagen i den gregorianske kalenderen (120. under skotår). Det er 246 dagar att av året.
Merkedag
endreNasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreDansk flaggdag for prinsesse Benedikte
Religiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 29. april i 2024:
- Minnedag for Katarina av Siena i den katolske kyrkja
Namnedag
endreNoreg | Toralf og Torolf |
Sverige | Tyko |
Danmark | Peter Martyr |
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1429: Jeanne d'Arc kom til Orléans, som ho hjelpte med å heva beleiringa av.
- 1670: Åtti år gamle Emilio Altieri blei utropt til pave Klemens X.
- 1770: James Cook gjekk i land i Botany Bay i Australia.
- 1975: Vietnamkrigen. Dei siste amerikanarane blei evakuert frå Saigon i 80 helikopter.
- 1992: Det braut ut omfattande opptøyar i Los Angeles etter at fire politifolk blei frikjende for tiltalar om mishandling og tenestefeil etter den valdelege pågripinga av Rodney King, som var blitt filma.
Noreg
endre- 1940: Noreg under andre verdskrigen. Kong Haakon og kronprins Olav flykta frå Molde til Tromsø ombord i den britiske kryssaren HMS «Glasgow».
- 1946: Rettssaka mot Rinnanbanden tek til i Trondheim.
- 1957: Agnar Mykle og Gyldendal-direktør Harald Grieg blei tiltala for «utgivelse av utuktige skrifter» i samband med utgjevinga av Mykle sin roman Sangen om den røde rubin.
- 1978: Ein person omkom og ei grend med 11 heimar vart øydelagde i eit leirskred i Rissa.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 29. april.
- 1848: Ravi Varma, indisk kunstmålar
- 1889: Ragnvald Vaage, norsk forfattar
- 1895: Ronald Fangen, norsk forfattar
- 1899: Duke Ellington, USA-amerikansk jazzkomponist, pianist og orkesterleiar.
- 1901: Hirohito av Japan, japansk keisar
- 1916: Lars Korvald, norsk politikar og statsminister (1972-73)
- 1934: Åse-Marie Nesse, norsk forfattar
- 1945: Jørgen Amdam, norsk sosiolog
- 1956: Ketil Stokkan, norsk artist
- 1958: Arne Johannessen, norsk fagforeingsleiar
- 1961: Pål Gunnar Mikkelsplass, norsk langrennar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 29. april.
- 1380: Katarina av Siena, italiensk mystikar og helgen
- 1918: Arnold von Siemens, tysk industrialist
- 1951: Ludwig Wittgenstein, austerriksk filosof
- 1980: Alfred Hitchcock, britisk regissør
- 2004: Johannes H. Berg Jr., norsk science fiction–entusiast
- 2007: Arve Opsahl, norsk komikar, songar og skodespelar
- 2012: Idar Ulstein, norsk industrileiar