Adele
kvinnenamn
Adele er ei fransk kortform av det tyske kvinnenamnet Adelheid, og det gamalhøgtyske Adalhaid, som kjem av adal, «edel», og haidu, «glans». Det kan også kome av det hebraiske ordet for «pryd». Namnet er kjent i Noreg frå 1300-talet.
Adele har finlandsvensk namnedag 16. desember.
Kjende namneberarar
endre- Adele av Champagne (ca. 1140-1206), fransk dronning
- Adèle Isaac (1854– 1915), fransk sopran
- Adele aus der Ohe (1861-1937)
- Adele Mara (1923–2010), amerikansk skodespelar
- Adele Addison (f. 1925), amerikansk songar
- Adele Parks (f. 1969), engelsk forfattar
- Adele Adkins (f. 1988), engelsk vokalist
Annan bruk
endreAdele Bloch-Bauer I er eit kjent måleri av Gustav Klimt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adele» frå Wikipedia på bokmål, den 29. august 2013.
«Adele» i Store norske leksikon, snl.no.