Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

56°6′26.892″N 12°41′31.042″E / 56.10747000°N 12.69195611°E / 56.10747000; 12.69195611

Allerum
tettstad
Allerums kyrkje.
Land  Sverige
Areal 95 km²
Folketal 742 (31. desember 2020)
Kart
Allerum
56°06′32″N 12°41′29″E / 56.108858963983°N 12.69136790962°E / 56.108858963983; 12.69136790962
Wikimedia Commons: Allerum

Allerum er ein tettstad i Helsingborg kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 628 innbyggjarar. Allerum er først og fremst eit bustadområde, der busetjarane pendlar til Helsingborg.

Allerum har med tida vokse saman med Hjälmshult gjennom busetnader langs Jonstorpsvägen, og statistisk vert desse rekna som ein og same stad. Kyrkja på staden og skulen ligg i Allerum, medan ein i Hjälmshult finn ein brannstasjon. Det er eit rikt samskipnadsliv med fleire idrettslag, ryttarsamskipnadar, speidertroppar og golfklubb.

Historie

endre

I området omkring tettstaden har ein funne rike spor av eldre busetnader, mellom anna mange kjende steinalderbusetnader. Ein har derimot ikkje funne nokre monumentale leivningar som gravhauger eller megalittgraver. Funn av myrmalm i handsama form tyder på at jernhandsama kan ha førekome både i forhistorisk tid og i mellomalderen.

I følgje kjelder i litteraturen var området omkring Allerum vanskeleg å dyrke opp med skogar og store kjerr- og myrenger. Kyrkja blei bygd på 1100-eller 1200-talet, og blei fullført på 1400-talet. Utenom kyrkja består den eldste bevarte busetnaden av klokkargarden frå 1760, skomakargarden frå 1800 og prestegarden frå 1820.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Allerum