Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Arequipa er ein by som ligg sør i Peru, nær grensa til Chile. Med eit folketal på 1,008,290 (2017) er han den nest største byen i landet, etter Lima. Han er hovudstad i Arequipa-regionen og Arequipa-provinsen. Arequipa ligg i Andes i ei høgd på 2 380 moh., ved foten av vulkanen Misti. Det historiske bysentrumet i Arequipa blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i november 2000.

Ariqipa
Arequipa med vulkanen Misti i bakgrunnen.
Arequipa med vulkanen Misti i bakgrunnen.
Arequipa med vulkanen Misti i bakgrunnen.
Flagget til Arequipa Byvåpenet til Arequipa
Flagget til Arequipa Byvåpenet til Arequipa

Kallenamn
«La Ciudad Blanca ('Den kvite byen')»
Styresmakter
Land
Region
Peru
Arequipa
Grunnlagd 15. august 1540
Geografi
Flatevidd 650 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)

904931
Koordinatar 16°25′S 71°32′W / 16.417°S 71.533°W / -16.417; -71.533
Høgd over havet 2380 m
Tidssone UTC-05:00 (UTC)
Diverse anna
Nettstad: www.muniarequipa.gob.pe
Domkyrkja i Arequipa.

Byen blei gunnlagd den 15. august 1540. Namnet «Arequipa» kjem frå quechua der Ariq tyder vulkan og qipa tyder 'bak'. Arequipa er også kjend som «Den kvite byen» på grunn av det lokale byggjematerialet, ein kvitleg vulkansk bergart kalla sillar.

Kjende folk frå Arequipa

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Arequipa