Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Armensk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir tala av armenarar i fleire land, og er offisielt språk i Armenia. Det blir tala av rundt 3,5 millionar menneske i Armenia og i spreidde koloniar i Kaukasia og Midtausten.

Armensk
Հայերեն Hayeren
Klassifisering Indoeuropeisk
 Armensk
Talarar armenarar
Bruk
Tala i  Armenia
 Georgia
 Iran
 Russland
 Tyrkia
og i den armenske diasporaen
Armensktalande i alt 3 400 000 i Armenia, 6 700 000 til saman alle land[1]
Språkkodar
ISO 639-1 hy
ISO 639-3 hye
Wikipedia på armensk

Armensk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Moderne armensk fell i to hovuddialekter: austarmensk i Armenia og vestarmensk i Tyrkia, der det for det meste er vorte utrydda, og i emigrantkoloniar i Midtausten.

Hayeren, 'armensk', skrive med armensk skrift.

Armensk har sitt eige skriftspråk som blei utvikla på 400-talet. Det armenske alfabetet inneheld 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn. Alfabetet blei ifølgje tradisjonen skapt på grunnlag av det greske alfabetet av biskop Mesrop (d. 440), som òg skal ha skapt det georgiske og alfabetet til dei kaukasiske albanarane.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Armensk