Askvoll
- For kommunen med same namn, sjå Askvoll kommune.
Askvoll er kommunesenteret i Askvoll kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 730 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg på nordsida av Vilnesfjorden.
Askvoll | |||
stad | |||
Askvoll
Foto: Egil Husabø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Askvoll | ||
Areal | 0,72 km² | ||
Folketal | 730 (2023) | ||
Folketettleik | 1 014 / km² | ||
Postnummer | 6980 ASKVOLL | ||
Preposisjon | i Askvoll | ||
Ferdselsårer | 608 Fv5659 Værlandet, Fure, Atløy | ||
Askvoll 61°20′48″N 5°03′43″E / 61.3467°N 5.06194°E | |||
Wikimedia Commons: Askvoll (village) |
I Askvoll ligg kommuneadministrasjonen og barne- og ungdomsskule, i tillegg til lensmannskontor, tannlækjeteneste, sjukeheim, veterinær og NAV-kontor. Staden har også ymse butikkar, hotel, bank og apotek. Her ligg også Askvoll kyrkje frå 1863, og Askvoll har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.
Frå Askvoll er det vegsamband via Fylkesveg 608 til Fylkesveg 609 som går mellom Førde langs sørsida av Førdefjorden og til Dale i Fjaler kommune langs nordsida av Dalsfjorden og med ferje frå Eikenes, og via Fylkesveg 5659 nordover på Askvollhalvøya. Det er også ferjesamband frå Askvoll ferjekai til Fure i Fjaler kommune på sørsida av Vilnesfjorden og til øyene Værlandet og Atløy lenger vest i Askvoll kommune.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden til Askvoll kommune Arkivert 2016-03-21 ved Wayback Machine.