Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Bajkalfjella (russisk Байкальский хребет, Bajkalskij khrebet) er ei fjellkjede som stig bratt opp frå nordvestsida av Bajkalsjøen sør i Sibir i Russland.[1] Det sentrale sibirske platået grenser i sør til dei austlege Sajanfjella og Bajkalfjella.

Bajkalfjella
fjellkjede
Land  Russland
Kart
Bajkalfjella
55°33′42″N 108°41′23″E / 55.56166667°N 108.68972222°E / 55.56166667; 108.68972222
Wikimedia Commons: Baikal Mountains
Fjella og innsjøen på sommaren, sett frå Bolsjije Koty på sørvestsida av innsjøen.

Elva Lena har kjelda si i Bajkalfjella. Fjella omkring Bajkalsjøen er skogkledd med gråor, osp, dunbjørk, sibirlerk, sibiredelgran, furu og sibirfuru.[2]

Den høgaste toppen er Tsjerskij (2572 moh) kalla opp etter den polske oppdagaren Jan Czerski.

Kjelder

endre
  1. «Biakado-Lensky». Center for Nature Conservation - Wild Russia. Henta 2. september 2008. 
  2. «Images of the Baikal from various sources». Henta 2. september 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre

54°00′N 108°00′E / 54.000°N 108.000°E / 54.000; 108.000