Bakhtsjisaraj
Bakhtsysaraj (krimtatarisk Bağçasaray; ukrainsk og russisk Бахчисарай; tyrkisk Bahçesaray) er ein byliknande busetnad sentralt på Krimhalvøya sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhtsysaraj rajon (distrikt), og den tidlegare hovudstaden i Krim-khanatet. Det største landemerket i byen er Hansaray, det einaste større palasset frå Krim-khanane, og i dag eit populært museum.
Bakhtsysaraj | |||
Bağçasaray | |||
by | |||
Khanpalasset
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Høgd | 300 moh. | ||
Koordinatar | 44°45′10″N 33°51′39″E / 44.75278°N 33.86083°E | ||
Areal | 55 km² | ||
Folketal | 26 215 | ||
Folketettleik | 26 215 / km² | ||
Først nemnt | 1502 | ||
• Bystatus | 1926 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 98400 — 98408 | ||
Retningsnummer | +380-6554 | ||
Bakhtsjisaraj 44°45′10″N 33°51′39″E / 44.752777777778°N 33.860833333333°E | |||
Kart som viser Bakhtsjisaraj.
| |||
Wikimedia Commons: Bakhchysarai |
Byen er først nemnt i 1502, og vart hovudstad i Krim-khanatet i 1532 under regjeringstida til Sahib I Giray. Byen var så det politiske og kulturelle senteret for Krim-tartarane frem til khanatet vart erobra av Russland i 1783. Byen heldt den kulturelle tydinga si òg etter dette, heilt til tartarane vart drivne bort frå Krim i mai 1944.
Asteroiden 3242 Bakhchisaraj, oppdaga av ukrainaren Nikolaj Tsjernykh, er kalla opp etter byen. Byen er òg kjent i Russland for Aleksandr Pusjkin-diktet «Fontena i Bachtjisaraj», seinare koreografert som ballett av Rostislav Zakharov.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bakhchisarai» frå Wikipedia på engelsk, og «Bakhtsjisaraj» frå Wikipedia på bokmål den 1. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell side for palasset Arkivert 2016-05-20 ved Wayback Machine. (engelsk/ukrainsk/russisk)