Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Bergens Tidende (BT) er ei avis som vert gjeven ut i Bergen i Hordaland og er fylkets største avis og den største utanfor Oslo. Avisa vart grunnlagd av Johan Wilhelm Eide og gjeven ut fyrste gong 2. januar 1868. Ho er ei av dei eldste norske avisene som framleis kjem ut.

Bergens Tidende

LandNoreg
TypeDagsavis[1]
FormatTabloid
Grunnlagd1868'"`Uniq--ref-00000001-qinu`"'
EigararSchibsted Norge
Grunnlegger(ar)Johan Wilhelm Eide[1]
Redaktør(ar)Øyulf Hjertenes (2015), Einar Eriksen (1986– 1991)
SpråkNorsk
HovudkvarterBergen
ISSN0804-8983, 0809-4705, 1500-7618
OCLC476409487, 49229316
Nettstadhttps://bt.no (norsk)

Bergens Tidende har språkleg fridom for journalistane, men har også ein uformell politikk om at «bergenssaker» vert skrivne på bokmål, medan saker om nynorskkommunar og fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert skrivne på nynorsk.

Redaksjonelt er avisa ei liberal og partipolitisk uavhengig avis. Avisa støtta lenge partiet Venstre men vart med over då Det Nye folkepartiet vart etablert etter Venstres deling på Røros i 1972. Avisa har seinare fjerna all partipreferanse.

Avisa kjem ut dagleg, med eit magasinbilag laurdagar. Avisa gjekk over til tabloidformat i oktober 2006. Bergens Tidende sende også lokalfjernsyn på frekvensen til TVNorge.

Trykkeriet til Bergens Tidende held til i Drotningsvik og trykkjer ein del andre norske aviser for vestlandsregionen. Aviser som vert trykte er: VG, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Finansavisen og Vårt Land.[treng kjelde]

Opplagstal

endre

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 91 956

2002 91 099
2003 90 087
2004 88 867
2005 88 054
2006 87 076
2007 87 668
2008 85 825
2009 83 086
2010 82 432

Eigarinteresse

endre

Bergens Tidende AS har direkte eigarinteresse i:

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Bergen byleksikon; vitjingsdato: 18. mai 2024; språk på verket: norsk; Bergen byleksikon-ID: 1424526.

Bakgrunnsstoff

endre