Chioggia
Chioggia er ein kystby i provinsen Venezia i regionen Veneto i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg på ei lita øy sør i Venezialagunen, om lag 25 km sør for Venezia. Ei vegfylling går mellom øya og fastlandet og til bydelen (frazione) Sottomarina.
Chioggia | |||
by | |||
Kanal i Chioggia
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Veneto | ||
Provins | Venezia | ||
Areal | 187,91 km² | ||
Folketal | 47 559 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Lucio Fasiolo Tiozzo | ||
Postnummer | 30015, 30019, 30010 | ||
Retningsnummer | 041 | ||
Chioggia 45°13′08″N 12°16′43″E / 45.21891°N 12.27854°E | |||
Wikimedia Commons: Chioggia |
Historie
endreChioggia og Sottomarina var lite viktig i antikken, men vart nemnd av Plinius som fossa Clodia. Ei lokal segn fortel at byen vart grunnlagd av ein Clodius, men opphavet til dette er ikkje kjend.
Dei første skriftlege kjeldene som nemner Chioggia er frå 500-talet, då byen var ein del av Austromarriket. Chioggia vart øydelagd av kong Pippin av Italia på 800-talet, men vart bygd opp att rundt ein ny industri som basert seg på saltkjel. I mellomalderen vart sjølve Chioggia kalla Clugia major, medan Clugia minor var ein sandbanke om lag 600 meter lenger ute i Adriahavet. Han vart ein fri kommune og eit bispesete frå 1110, og fekk seinare ei viktig rolle under den såkalla Chioggiakrigen mellom Republikken Genova og Republikken Venezia og vart erobra av Genova i 1378 og av Venezia i juni 1380. Sjølv om byen stort sett var sjølvstyrt var han frå den tid alltid underlagt Venezia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chioggia» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- TuttoChioggia
- Hamna i Chioggia
- Artikkel om Chioggia i The Catholic Encyclopedia