Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Classic Queen
Samlealbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 3. mars 1992
Innspelt 1972–1990
Sjanger rock
Lengd 75:10
Selskap Hollywood
Produsent Roy Thomas Baker, David Bowie, David Richards, Mack og Queen
Queen-kronologi 
Greatest Hits II
(1991)
Classic Queen Box of Tricks
(1992)
Singlar frå Classic Queen
  1. «Bohemian Rhapsody / The Show Must Go On»
    Utgjeve: 6. februar 1992 (USA)

Classic Queen er eit samlealbum frå 1992 med songar av det engelske rockebandet Queen. Det vart gjeve ut for å utnytte Queen-feberen som brått hadde oppstått i USA etter at filmen Wayne's World kom ut.[2] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200, og har selt til 3x platinaplate i USA og 5x platina i Canada.[3][4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars link
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[1]

Sjølv om det vart kritikarrost som ei glimrande samling, passa det ikkje inn med dei tidlegare Queen-samlingane. Det overlappa både Greatest Hits frå 1981 og Greatest Hits II frå 1991, og inneheld nokre spor som ein ikkje finn på nokre av desse. Hollywood Records gav derfor ut Greatest Hits på ny i USA, med to spor som ikkje var på den originale 1981-utgåva.

Det samla salet for Greatest Hits II og Classic Queen har vore i overkant av 23 millionar verda over.[5]

Kring 1992 gav Hollywood Records ut Greatest Hits på ny for at denne skulle følgje Classic Queen. Dei to samlingane hadde nesten likt plateomslag, der Greatest Hits har ein raud bakgrunn, og Classic Queen ein kongeblå. Sidan dei to albuma vart gjevne ut i lag, manglar Classic Queen mange av dei store hittane til Queen, som «Another One Bites the Dust», «We Will Rock You», «We Are the Champions», «Somebody to Love» og «Don't Stop Me Now», sidan desse finst på Greatest Hits.

Innhald

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Kind of Magic» (frå A Kind of Magic, 1986)Roger Taylor4:23
2.«Bohemian Rhapsody» (frå A Night at the Opera, 1975)Freddie Mercury5:59
3.«Under Pressure» (unik miks, opphavleg frå Hot Space, 1982)David Bowie, John Deacon, Brian May, Mercury, Taylor4:03
4.«Hammer to Fall» (singelversjon frå The Works, 1984)May3:40
5.«Stone Cold Crazy» (frå Sheer Heart Attack, 1974)Deacon, May, Mercury, Taylor2:15
6.«One Year of Love» (frå A Kind of Magic, 1986)Deacon4:28
7.«Radio Ga Ga» (frå The Works, 1984)Taylor5:48
8.«I'm Going Slightly Mad» (frå Innuendo, 1991)Deacon, May, Mercury, Peter Straker, Taylor4:21
9.«I Want It All» (singelversjon, frå The Miracle, 1989)May4:01
10.«Tie Your Mother Down» (frå A Day at the Races, 1976)May3:45
11.«The Miracle (Edited For Compact Disc)» (unik versjon, frå The Miracle, 1989)Deacon, May, Mercury, Taylor4:24
12.«These Are the Days of Our Lives» (frå Innuendo, 1991)Deacon, May, Mercury, Taylor4:14
13.«One Vision» (edit, frå A Kind of Magic, 1986)Deacon, May, Mercury, Taylor4:38
14.«Keep Yourself Alive» (frå Queen, 1973)May3:45
15.«Headlong» (frå Innuendo, 1991)Deacon, May, Mercury, Taylor4:38
16.«Who Wants to Live Forever» (frå A Kind of Magic, 1986)May5:15
17.«The Show Must Go On» (frå Innuendo, 1991)Deacon, May, Mercury, Taylor4:31
Total lengd:75:10

Lister

endre
Land Liste Salstrofé Sal
USA 4 3× platina[3] 3 000 000
Canada 5× platina[4] 500 000

Kjelder

endre
  1. Rolling Stone Album Guide
  2. Billboard 25. juli 1992 s.8. Billboard. Henta 2. august 2016
  3. 3,0 3,1 RIAA – Gull and Platina Recording Industry Association of America Henta 31. juli 2016
  4. 4,0 4,1 Canadian Recording Industry Association (CRIA): Certification Results Arkivert 2016-01-11 ved Wayback Machine. Henta 31. juli 2016
  5. Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 2. august 2016