Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Cordieritt er eit mineral som består av magnesium-aluminium-silikat med noko jarn for magnesium, (Mg,Fe)2Al4Si5O18. Cordieritt er strukturelt nærskyldt med beryll, men har rombisk symmetri. Hardleiken er stor, 7–7,5, og mineralet er glasaktig og oftast blåfarga. Det viser sterk dikroisme (pleokroisme), blå i éi retning og gul i ein annan, og går på grunn av denne eigenskapen òg under namnet dikroitt. Eit anna forelda namn er iolitt.

Cordieritt

Cordieritt frå Italia
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formel(Mg,Fe2Al4Si5O18
Strunz-klassifisering09.CJ.10
Dana-klassifisering61.02.01.01 Cordieritt-gruppa
Krystallsymmetri2/m 2/m 2/m Ortorombisk - dipyramidal
Einingscellea = 17.079 Å, b = 9.730 Å, c = 9.356 Å; Z = 4
Identifikasjon
Fargeblå, røykblå, blåfiolett; grønaktig, gulbrun, grå; fargelaus til særs lyseblå i tynne delar
KrystallformPseudo-heksagonal prismatiske tvillingar, som innstøypte korn og massiv
KrystallsystemOrtorombisk - Dipyramidal Romgruppe: C ccm
TvillingVanleg på {110}, {130}, enkel, lamellert, periodisk
KløyvGanske god på {100}, dårleg på {001} og {010}
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala7 - 7.5
Glansfeittete eller glasaktig
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt2.57 - 2.66
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparVanlegvis optisk (-), stundom (+); 2V = 0-90°
Brytingsindeksnα = 1.527 - 1.560 nβ = 1.532 - 1.574 nγ = 1.538 - 1.578 indeksane aukar med jarninnhaldet
PleokroismeX = bleik gul, grøn; Y = fiolett, blå-fiolett; Z = lyseblå
Smeltbarheitpå tynne kantar
KjenneteiknLiknar kvarts og kan fråskiljast med pleokroisme. Kan skiljast frå korund av den lågare hardleiken.
Kjelder[1]

Cordieritt opptrer både i kontakt- og regionalmetamorfe bergartar (hornfelsar i Oslofeltet; gneisar i BambleArendal-traktene). Ved høg temperatur er den heksagonale modifikasjon indialitt stabil. Cordieritt blir lett påverka av hydrotermale løysingar (varme, vasne løysingar som gjennomtreng bergartene) og omdannast til blaute, gulaktige eller raude aggregat som består av glimmerar og leirmineraler (aspasiolitt, pinitt).

Klåre, friske krystall nyttast som edelsteinar (vassafir, finst i seifar i Sri Lanka). Det er mogleg at vikingane sine solstein som vart brukt i navigasjonen bestod av cordieritt.

Det vart oppdaga i 1813 og er kalla opp etter den franske geologen og gruveingeniør Louis Cordier (1771–1861).

Kjelder

endre