Domstol
Domstolane er ein del av det offentlege styringssystemet i ein rettsstat som byggjer på dei demokratiske grunnprinsippa. Domstolane har dømande makt, og ein kallar dei gjerne «den tredje statsmakta» etter Montesqieu sitt maktfordelingsprinsipp mellom lovgjevande, utøvande og dømande statsmakter.
Norske domstolar
endreAlminnelege domstolar
endreDomstollova § 1 seier at dei alminnelege domstolane er:
- Høgsterett
- Lagmannsrettane
- Tingrettane. Fram til 1. januar 2003 vart tingretten kalla forhøyrsrett, skifterett, namsrett, skjønsrett eller vergemålsrett etter kva slags saker som var til førehaving. Men frå og med 2003 er nemninga i alle høve tingretten, utan omsyn til om det til dømes gjeld eit rettsleg skjøn i samband med oreigning eller skifte av eit dødsbu.
Domstollova seier vidare at:
- Forliksråda er meklingsinstitusjonar med avgrensa domsmynde i samsvar med tvistelova § 6-10.
Særdomstolar
endreDomstollova § 2 seier at særdomstolar er:
- 1. Jordskifterettane
- 2. Skjønnsrettane som vert sett ned etter plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 § 60
- 3. Overordentlege domstoler som vert sett ned etter domstollova § 29
- 4. Konsulrettene i utlandet
- 5. Riksretten
Domstollova gjeld for alle desse domstolane, med unntak for riksretten.