Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Ekte beinfiskar

(Omdirigert frå Eigentlege beinfiskar)

Ekte beinfiskar eller teleostar (Teleostei) er ein infraklasse strålefinnefisk som omfattar kring 30 000 kjende artar[1] i omkring 40 ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppstod i triastida.

Ekte beinfiskar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Müller, 1846

Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerande virveldyra på kloten.

Kjenneteikn

endre

Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevane ut or sjølve munnen.

Halefinnen er homoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinnen.

Systematikk

endre

Kjelder

endre
  1. «Teleost | Anatomy, Adaptations & Classification | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 17. september 2024, henta 26. september 2024 

Bakgrunnsstoff

endre