Erlend Loe
Erlend Loe (fødd 24. mai 1969) er ein norsk forfattar og omsetjar som har skrive ei rad bøker, både for vaksne og barn.
Erlend Loe | |
Erlend Loe under litteraturfestivalen på Café Sting i 2007 Foto: Jarle Vines
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. mai 1969 (55 år) Trondheim |
Yrke | omsetjar, barnebokforfattar, manusforfattar, skribent |
Erlend Loe på Commons |
Liv
endreLoe er fødd i Trondheim 24. mai 1969. Etter andreklasse på vidaregåande var han utvekslingsstudent i Frankrike i eitt år, før han avslutta skulegangen som privatist. Han nekta militæret og avtente siviltenesten ved teatergruppa Stella Polaris.
Loe tok graden cand.mag, med grunnfag folkeminnevitenskap og mellomfaga filmvitenskap og litteraturvitskap. Loe er også utdanna manuskriptforfatter ved Den Danske Filmskole i København, og gjekk ei tid ved Kunstakademiet i Trondheim.
Erlend Loe busette seg deretter i Oslo, der han har arbeidd som konsulent i Norsk filmfond. Hausten 1998 var han med på å starta Screenwriters Oslo, som er eit kontorfellesskap for manusforfattarar.
Verk
endreLoe debuterte i 1993 med boka Tatt av kvinnen, og kom året etter ut med barneboka Fisken om truckføraren Kurt. Loe har ein spesiell skrivestil som ofte blir karakterisert som naivistisk. Forfattaren bruker ofte verkemiddel som ironi, overdriving og humor. Hovudpersonane i bøkene er ofte litt rare og fulle av eigne tankar om livet.
Alle barnebøkene til Loe er illustrert av Kim Hiorthøy. Alle bøkene er omsette til svensk. Bøkene om truckførar Kurt er omsette til tysk, dansk og italiensk, Den store røde hunden og Maria & José til dansk, Tatt av kvinnen til tysk og L til finsk. Naiv.Super., den mest suksessrike boka hans, er omsett til svensk, finsk, estisk, dansk, islandsk, nederlandsk, tysk, polsk, russisk, slovakisk, engelsk, italiensk og portugisisk.
Loe har sjølv omsett to diktsamlingar av amerikanske Hal Sirowitz til norsk.
Verkliste
endre- Tatt av kvinnen (1993)
- Fisken (1994)
- Maria & José (1994)
- Kurt blir grusom (1995)
- Den store røde hunden (1996)
- Naiv.Super. (1996)
- Kurt quo vadis? (1998)
- L (1999)
- Jotunheimen, bill.mrk. 2469 (2001)
- Fakta om Finland (2001)
- Kurt koker hodet (2003)
- Doppler (2004)
- Volvo lastvagnar (2005)
- Organisten (2006)
- Muleum (2007)
- Stille dager i Mixing Part (2009)
- Fvonk (2011)
- Vareopptelling (2013)
- Slutten på verden slik vi kjenner den (2015)
- Dyrene i Afrika (2018)
- Helvete (2019)
Han har òg omsett ymse bøker til norsk.
Prisar og utmerkingar
endre- Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris for barne- og ungdomslitteratur 1996, for Den store røde hunden (saman med Kim Hiorthøy)
- Cappelenprisen 1997
- Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker 1998, for Kurt - Quo vadis
- Bokhandlerprisen 1999, for L
- Trondheim kommunes kulturpris 2002
- Sør-Trøndelag fylkes kulturpris 2005
- Prix Européen des Jeunes Lecteurs 2006, for Naiv. Super (utdeles av Europaparlamentet)
- Prix Tam-Tam 2006, for Kurt et le poisson (Fisken) (fransk)
- Aschehougprisen (2013)[1]
Kjelder
endre- ↑ «Aschehougprisen / Tidligere vinnere av Aschehougprisen». Aschehoug. Henta 5. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstad om Erlend Loe Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine.