Gaisberg
Gaisberg er eit fjell aust for Salzburg i Austerrike. Det høyrer til Osterhorngruppe (ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane) mellom Lammertal og Wolfgangsee. Det går ei bussrute frå Salzburg til fjellet, som er ein populær vintersportsstad, og som kan tilby andre fritidsaktivitetar som turgåing, fjellsykling og paragliding. På toppen av fjellet står ein 100 m høg TV- og radiosendar, som vart bygd i 1956. Frå 1887 til 1928 gjekk det ein tannhjulbane, Gaisbergbahn, frå byen og til toppen av fjellet, men i 1929 vart denne lagt ned då dei bygd veg til toppen.
Gaisberg | |||
fjell | |||
Utsyn mot Gaisberg frå Leopoldskron
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei nordlege kalksteinsalpane | ||
Høgd | 1 288 moh. | ||
Koordinatar | 47°48′20″N 13°06′45″E / 47.80556°N 13.11250°E | ||
Gaisberg 47°48′18″N 13°06′46″E / 47.805082°N 13.112753°E | |||
Kart som viser Gaisberg.
| |||
Wikimedia Commons: Gaisberg, Salzburg |
Gaisberg-løpet
endreGaisberg-løpet var eit bil- og motorsykkelløp mellom 1929 og 1969, som ein del av det europeiske meisterskapen i bakkeløp. Det første løpet gjekk 8. september 1929 med 83 deltakarar. Fleire kjende Formel 1-førarar og andre billøp-førarar har deltatt i løpet.
I 2003 starta ein opp att det historiske løpet, og i 2004 feira ein 75-årsjubileum. [1] Arkivert 2006-11-24 ved Wayback Machine..