Gerd
Gerd eller Gjerd er eit førenamn frå norrønt Gerðr avleidd av garðr i tydinga «gjerde» eller «vern», og frå lengre kvinnenamn med denne endinga (t.d. Valgjerd). På tysk kan Gerd vera ei kortform av Gerhard.
Namneformer
endreKvinnenamnet har ei anna form, Gerda, medan mannsnamnet kan ha formene Gert og Geert. Eit mannsnamn frå same rot (utan i-ljodbrigde) er Gard.
Namnelekkene -gjerd (òg stava -gerd) finst i ei rekke kvinnenman, som Asgjerd, Hallgjerd og Ingjerd.
Bruk
endreNamnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først frå 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca. 1910–1950.
Norrøn mytologi
endreGjerd er namnet på ei gyger i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med, skildra i Skirnesmål.
Namneberarar
endreKvinner
endre- Gerd Nyquist (1913–1984), norsk forfattar
- Gerd Kirste (1918-2004), norsk politikar
- Gerd Åsta Hjelm Arnesen (1919–2003), norsk komponist og tekstforfattar
- Gerd Mårtensson (f. 1919), svensk skodespelar
- Gerd Brantenberg (f. 1941), norsk forfattar
- Gerd Dvergsdal (f. 1946), norsk politikar
- Gerd-Liv Valla (f. 1948), norsk fagforeiningsleiar
- Gerd Janne Kristoffersen (f. 1952), norsk politikar
- Gerd Kvale (f. 1955), norsk psykolog
Menn
endre- Gerd von Rundstedt (1875-1953), tysk offiser
- Gerd Albrecht (f. 1935), tysk dirigent
- Gerd Müller (f. 1945), tysk fotballspelar
- Gerd Binnig (f. 1947), tysk fysikar, vann nobelprisen i 1986
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Gerd» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2009.