Giovanni Battista Donati
italiensk astronom
Giovanni Battista Donati (16. desember 1826–20. september 1873) var ein italiensk astronom.
Giovanni Battista Donati | |||
Giovanni Battista Donati | |||
Fødd | 16. desember 1826 Pisa i Italia | ||
---|---|---|---|
Død | 20. september 1873 (46 år) Firenze | ||
Nasjonalitet | Italia | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom | ||
Alma mater | Universitetet i Pisa Scuola Normale Superiore. Classe di Scienze | ||
Medlem | Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL |
Han var professor i Firenze frå 1854 og direktør for observatoriet der frå 1858. I 1858 oppdaga han ein stor komet, kometen Donati, som er kalla opp etter han. Han gjorde viktige arbeid innan spektroskopisk astronomi, særleg for å finne den fysiske samansettinga til kometar og meteorologi.
Donati døydde av kolera, som han fekk på eit vitskapleg møte i Wien.[1]
Oppkallingar
endre- Krateret Donati på månen
- Asteroiden 16682 Donati
Kjelder
endre- ↑ Giovanni Battista DONATI Arkivert 2011-09-27 ved Wayback Machine.. in G. F. Tricomi, Matematici italiani del primo secolo dello stato unitario, Memorie dell'Accademia delle Scienze di Torino. Classe di Scienze fisiche matematiche e naturali, serie IV tomo I, 1962.
- «Giambattista Donati», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014