Gorgoroth
Gorgoroth er eit norsk svartmetall-band som vart skipa i 1992 av ungdomar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Namnet er henta frå romanverket Ringenes herre av J.R.R. Tolkien, der det er eit daudt, vondt fjellområde i Mordor.
Gorgoroth | |||
| |||
Aktiv | 1992– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | svartmetall | ||
Plateselskap | Century Media, Forces of Satan Records, Nuclear Blast, Candlelight Records |
Gruppa har vore mykje omtala i media grunna valdsepisodar som bandmedlemer har vore involverte i. Vokalisten Gaahl vart i 2004 dømd til fengsel utan vilkår for å ha mishandla og torturert ein 40 år gamal mann under et nachspiel i Fjaler.
Framigjennom har Gorgoroth eksperimentert med støy og industrielle overtonar. Gruppa har gått gjennom mange utskiftingar, og gitaristen Infernus er i dag den einaste som er att frå det opphavlege mannskapet.
Diskografi
endreStudioutgjevingar
endre- Pentagram - (1994)
- Antichrist - (1996)
- Under The Sign Of Hell - (1997)
- Destroyer - (1998)
- Incipit Satan - (2000)
- Twilight Of The Idols - (2003)
- Ad Majorem Sathanas Gloriam - (2006)
- Quantos Possunt ad Satanitatem Trahunt - (2009)
- Instinctus Bestialis - (2015)
Konsert- og samlealbum
endre- The Last Tormentor (Konsert-EP) - (1996)
- Destroyer / Incipit Satan (Samlealbum) - (2000)
- Bergen 1996 (Konsert-EP) - (2007)
- True Norwegian Black Metal (Live i studio-album) - (2008)
Demoar
endre- A Sorcery Written In Blood - (1993)
- Promo - (1994)