Guernsey
49°27′N 2°33′W / 49.450°N 2.550°W
Flagg | Riksvåpen |
Status | Britisk kroneigedom |
---|---|
Førsteminister (chief minister) | Lyndon Trott |
Hovudstad | St Peter Port |
Offisielt språk | Engelsk, fransk, dgèrnésiais |
Areal - % vatn |
78 km²
|
Folketal - totalt |
ca. 65 573 (2007) |
Verdsdel | Europa |
Internet-domene | .gg |
Tidssone | UTC 0 |
Internasjonal telefonkode | +44-1481 |
Nasjonalsong | God Save The King og Sarnia Cherie |
Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey.[1] Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.
Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.
Namnet, Guernsey, kjem frå normannisk green(s)ey som tyder 'Den grønne øya'.[2]
Politikk
endreGuernsey er ein bailiwick (fogdesokn) med kong Charles III som statssjef. Kongen er representert i fogdesoknet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Deliberation, som består av fogden (Bailiff), generaladvokaten, generalsakføraren, 45 valde folkerepresentantar og to representantar frå Alderney.
Regjeringa til Guernsey vert leia av ein statsminister vald av States of Deliberation.
Det er ingen politiske parti på Guernsey.
Transport
endreDet finst hamner i sokna St Peter Port og St Sampson. Guernsey har òg to flyplassar (Guernsey Airport og Alderney Airport) og 5 km jernbane i Alderney.
Administrativ inndeling
endreAdministrativt er øya Guernsey delt inn i ti sokn.
Kjelder
endre- ↑ «Guernsey» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 15. februar 2024.
- ↑ «Guernsey» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Guernsey» frå Wikipedia på engelsk, og «Guernsey» frå Wikipedia på bokmål den 4. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Turistside
- This Is Guernsey - informasjon og nyhende frå Guernsey Press and Star