Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

65°50′2.3892″N 24°7′43.403″E / 65.833997000°N 24.12872306°E / 65.833997000; 24.12872306

Haparanda
by
Haparanda Stadshotell
Land  Sverige
Areal 615 km²
Folketal 6 583 (31. desember 2020)
Kart
Haparanda
65°50′03″N 24°07′01″E / 65.834178177938°N 24.117032965922°E / 65.834178177938; 24.117032965922
Wikimedia Commons: Haparanda
Jernbanestasjonen i Haparanda

Haparanda (finsk Haaparanta) er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Den er administrasjonssenter for Haparanda kommun og i 2005 hadde byen 4 778 innbyggjarar.

Haparanda fekk bystatus i 1842. Han ligg ved finskegrensa ved Bottenviken og er den austlegaste byen i Sverige. Like over grensa, som går langs Torne älv, ligg den finske byen Torneå (finsk: Tornio). Dei to byane på kvar side av riksgrensa vert ofte rekna som ein samanvaksen by, og vert gjerne omtalt som Haparanda-Torneå.

Haparandabanan knyter Haparanda til det svenske og det finske jarnbanenettet. I 2000 vart persontrafikken lagt ned på bana og i dag er det berre godstrafikk på strekninga.

Kjelder

endre