Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Hegga

elv i Asker kommune

Hegga eller Skithegga er ei lita elv i Asker kommune som har utløpet sitt i Grodalselva få meter etter at ho renn ut frå Gjellumvannet og ovanfor Kistefossdammen i Heggedal. Hegga startar i Kjekstadmarka ved Heggsjøen og renn forbi Åsåker og gjennom Røyken sentrum. Så renn elva vidare forbi Hallenskog før ho kjem til Heggedal.

Skithegga ved Hallenskog

Elva har tilsig frå ein del småbekkar langs ruta si som Hengefoss ved Hallenskog. Hegga har normalt liten vassføring, men om våren etter snøsmeltinga eller etter kraftig nedbør flyt ho over breiddene sine fleire stader, spesielt mellom Hallenskog og Heggedal der fleire jorde vert ståande under vatn.

Namnet stammar kanskje frå trenamnet Heggr.