Hertugdømet Warszawa
Hertugdømet Warszawa (polsk Księstwo Warszawskie; fransk Duché de Varsovie; tysk Herzogtum Warschau; russisk Варшавское герцогство) var ein polsk stat som vart oppretta av Napoleon Bonaparte i 1807 frå dei polske landområda som vart avstått av Kongedømet Preussen etter Tilsit-traktatane. Hertugdømet vart halde i personalunion av ein av Napoleon sine allierte, kong Fredrik Augustus I av Sachsen. Etter Napoleon ikkje klarte å invadere Russland, vart hertugdømet okkupert av Preussen og Det russiske keisardømet fram til 1815, då det vart formelt delt mellom dei to landa ved Wienerkongressen.
Księstwo Warszawskie (pl) Herzogtum Warschau (ty) Duché de Varsovie (fr) Варшавское герцогство (ru) Hertugdømet Warszawa | ||||
Klientstat i Det første franske keisardømet | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Våpenskjoldet til Polen til Warszawa | ||||
Kart over Hertugdømet Warszawa og Fristaten Danzig etter 1809. | ||||
Hovudstad | Warszawa | |||
Språk | Polsk | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Monarki | |||
Hertug av Warszawa | Fredrik Augustus, konge av Sachsen | |||
Historisk periode | Napoleonskrigane | |||
- Oppretta | 9. juni | |||
- Annekteringa av Galicia | 14. oktober 1809 | |||
- Kollaps | Januar 1813 | |||
- Wienerkongressen | 9. juni 1815 | |||
Areal | 155 000 km² | |||
Innbyggjarar | ||||
- est. | 4 300 000 | |||
Folketettleik | 27,7 /km² |
Hertugdømet vert stundom kalla Storhertugdømet Warszawa.
Geografi
endreHertugdømet bestod i hovudsak av områda Napoleon hadde erobra frå Kongedømet Preussen under Den fjerde kolaisjonskrigen og det storpolske opprøret i 1806.
Byen Gdańsk (Danzig) fekk ein spesiell status, og vart gjort til ein fristad under delt polsk og fransk kontroll.
Etter ein krig mot Austerrike i 1809 vart òg delar av austerriksk Galicia erobra og innlemma i hertugdømet.
Politikk
endreHertugdømet Warszawa var formelt leia av Fredrik Augustus I av Sachsen, noko som gjorde at Hertugdømet og kongedømet Sachsen var i personalunion. Konstitusjonen gav òg mykje makt til Sejmane.
I praksis var Hertugdømet Warszawa ein fransk marionett. Den franske ambassadøren hadde alltid siste ordet i viktige saker, og hæren til hertugdømet stod under kontroll av den lojale bonapartisten Józef Poniatowski.
Oppløysninga av Hertugdømet
endreEtter Napoleon sitt nederlag vart Hertugdømet oppløyst av Wienerkongressen og delt i tre. Det såkalla Storhertugdømmet Poznań vart overteke av Preussen, Kongress-Polen vart underlagt den russiske tsaren og Kraków vart gjort til ein fristad under Austerrike.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Duchy of Warsaw» frå Wikipedia på engelsk, og «Hertugdømmet Warszawa» frå Wikipedia på bokmål den 5. juni 2008.