Indigo
Indigo er ein mørk blåfiolett farge som ein kan utvinne frå indigoplanten Indigofera anil. Ordet indigo er lånt frå spansk og tyder 'indisk'. Fargen har fått namnet sitt fordi naturleg indigo vert utvunne i Bengal i Aust-India. Indigofargen er med i fargespekteret og har bølgjelengder rundt 500-520 nm. Han er rekna blant dei sju fargane i regnbogen.
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Fargestoffet er funne brukt i band hos mumiar i Egypt. Syntetisk indigo kom på marknaden rundt 1900 og vert i dag mellom anna bruka til farging av dongeri.
Indigo i kulturen
endre«Indigo» er namnet på ein mann kledd i indigofarga klede i barnetv-serien om Gullars.
Kjelder
endre- ↑ Rosen, Joe (26. juni 2017). «Encyclopedia of Physics». Infobase Publishing – via Google Books.
- Denne artikkelen bygger på «Indigo» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2009. Bokmålsartikkelen oppgjav som kjelde:
- Bertsch McGrayne,Sharon: Prometheans in the lab, McGraw-Hill, 2002, ISBN 0-07-140795-2