Ine Marie Eriksen Søreide
norsk politikar
(Omdirigert frå Ine Eriksen Søreide)
Ine Marie Eriksen Søreide (fødd 2. mai 1976 i Lørenskog) er ein norsk politikar for Høgre og utanriksminister i regjeringa Solberg frå 20. oktober 2017.[1] Ho var forsvarsminister frå 2013 til 2017. Ho var leiar for Unge Høgre frå 2000 til 2004.
Ine Marie Eriksen Søreide | |||
Ine Marie Eriksen Søreide Foto: Jim Mattis | |||
Fødd | 2. mai 1976 (48 år) Lørenskog | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Ektefelle | Øystein Eriksen Søreide | ||
Medlem | European Council on Foreign Relations | ||
Verv | Norsk utanriksminister 20. oktober 2017– | ||
Føregangar | Børge Brende | ||
Verv | Norsk forsvarsminister 16. oktober 2013 – 20. oktober 2017 | ||
Føregangar | Anne-Grete Strøm-Erichsen | ||
Etterfylgjar | Frank Bakke-Jensen | ||
Verv | Stortingsrepresentant 19. oktober 2001– | ||
Verv | Leiar i Unge Høgre 24. juni 2000–20. juni 2004 | ||
Føregangar | John-Ragnar Aarset | ||
Etterfylgjar | Torbjørn Røe Isaksen | ||
Alle verv |
|
Søreide vart innvald på Stortinget frå Oslo i 2001 som vararepresentant, men møtte fast for Per Kristian Foss. Eriksen vart ordinær stortingsrepresentant frå 2005.
Stortingskomitear
endre- 2001–2005 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2005–2009 varamedlem i Valkomiteen
- 2005–2009 leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
- 2009–2013 leir i Utanriks- og forsvarskomiteen
Kjelder
endre- ↑ Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017.
- Biografi på hoyre.no Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.