Kainitt
Kainitt (MgSO4·KCl·3H2O) er eit mineralsalt som er samansett av kaliumklorid og magnesiumsulfat, og vert brukt som kaliumhaldig gjødsel. Mineralet er gjennomsiktig, mjukt og luktlaust, det har ein salt og bitter smak, er farga gult, kvitt og raudt og har ein monoklin symmetri.
Kainitt | |||
Kainitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | KMg[Cl|SO4]·3H2O | ||
Strunz-klassifisering | 07.DF.10 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus; gul, brunaktig, gråaktig-grøn, raud, fiolett, blå | ||
Krystallsystem | monoklin | ||
Kløyv | {001}, perfekt | ||
Brot | flisete | ||
Mohs hardleiksskala | 2½-3 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.15 |
Det fyrste funnet av saltet vart gjort i Stassfurt-saltgruvene i Sachsen i Tyskland. Det er eit naturleg salt som ein berre finn på saltleie av marint opphav, og det vert brukt til framstillingar av kalium- og magnesiumsambindingar.
Kjelder
endre- «Kainite» på Wikipedia på engelsk, innhenta 19. januar 2010.
- «Kainitt» hjå Store norske leksikon, innhenta 19. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).