Kolpino
Kolpino (russisk Ко́лпино) er ein by i Kolpinskij-distriktet i Sankt Petersburg i Russland med om lag 190 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Izjora, ei sideelv til Neva, rundt 25 km søraust for sentrum av St. Petersburg.
Kolpino Колпино | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | St. Petersburg | ||
Grunnlagd Bystatus |
1722 1912 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
191 000 | ||
Koordinatar | 59°44′N 30°36′E / 59.733°N 30.600°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 196650-196658 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 812 | ||
Nettstad: kolpino-city.ru |
Kolpino vart grunnlagd tidleg på 1700-talet. Han fekk bystatus i 1912. Kolpino var eit av dei viktigaste jernverka til den russiske krona og eit jernstøyperi som høyrte til den russiske marinen låg òg i byen
Eit heilag bilete av St. Nikolas i Treeiningskyrkja vert vitja av mange pilegrimar den 22. mai kvart år.
Næringslivet består for det meste av mekanisk industri og den største verksemda i byen er Izjorsky Zavod.
Bakgrunnsstoff
endre- Kolpino og omegn, geografi, historie, klima, folk (russisk)
- Kolpino city. Nettstad om byen (russisk)
- Infonettstad for Kolpino (russisk)
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Kolpino» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.