Komponist
Ein komponist er ein som lagar musikkstykke. Ofte tenker ein på komponistar som ein som skriv musikk innanfor den vestlege kunstmusikktradisjonen («klassisk musikk»), men det finst komponistar innan alle sjangrar.
Som regel vil komponisten skriva ned komposisjonane sine i ei eller anna form for noter. Slik skil han seg frå ein utøvande musikar som lagar ny musikk gjennom improvisasjon. Innan musikkulturar som ikkje bruker noter, derimot, er ein komponist den som først speler eit stykke og lærar det vidare til andre.
Komponist og musikar
endreTradisjonelt har det vore lite skilje mellom komponistar og musikarar – komponeringa og utøvinga var sett på som like viktige. Ein la lita vekt på å spara på komposisjonar, og det var vanleg å endra dei slik ein ville før framføring. I nyare tid har arbeidet til komponisten fått større vekt, og notane han har skrive blir sett på som klare instruksjonar som skal følgjast nøyaktig. Andsverket han lagar har ofte større vern i lovverket enn framføringa av det.