Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Lill er eit skandinavisk kvinnenamn med opphav i kjælenamn, anten danna av det norrøne ordet lítill, 'liten', eller som ei kortform av namn som byrjar på Lill-, som Lillian eller Lillebil. Nærskylde former er Lilla, Lillan, Lille og Lilly.

Artisten Lill-Babs.

Lill kan òg vera eit slektsnamn.

Lill har namnedag den 27. februar.

Bruken av namnet i Noreg tok til å veksa rundt i siste halvdel av 1910-åra. Han voks til ein topp rundt 1970, då over 0,30 % av nyfødde jenter fekk namnet. Lill er vanleg i samansetjingar med andre namn, som «Lill-Kristin» eller «Eva-Lill». Medan det i 2009 var 3 126 norske kvinner som hadde Lill som første førenamnet, var det berre 386 som hadde det som einaste førenamn.

Kjelder

endre