Lydfarten skildrar kor langt ei lydbølgje har flytta seg på ei tidseining. I tørr luft med ein temperatur på 21 °C er han på 344 m/s. Lydfarten kan målast i alle medium som lydbølgjer kan forplanta seg i, og er større i faste materiale enn i gass og væsker.