Makakar
pattedyrslekt
(Omdirigert frå Makak)
Makakar (Macaca) er ei slekt av primatar i dyreapefamilien med over 20 artar. Artane skilde evolusjonært lag med kvarandre for 5-6 millionar år sidan, og hadde siste sams forfaderen med mennesket for kring 25 millionar år sidan.[1]
Makakar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av makakar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Dyreapar Cercopithecidae |
Underfamilie: | Cercopithecinae |
Slekt: | Makakar Macaca Lacépède, 1799 |
Makakane er middelstore og kraftige apar med relativt lang hale, som òg kan sakna heilt. Dei har naken hud i andlet og på bakpart.
Makakar lever i store familiegrupper, ofte med meir enn éin hann. Dei er mark- og trelevande. Dei finst i Sør-Asia, med unnatak av berbarape. I India vert dei somme stadene rekna som heilage dyr.
Rhesusape-makaken er særleg kjend som forsøksdyr i medisinsk forsking.
Kjelder
endre«makaker» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 3. august 2017.
- ↑ Yan, Guangmei; Zhang, Guojie; Fang, Xiaodong; Zhang, Yanfeng; et al. (2011). «Genome sequencing and comparison of two nonhuman primate animal models, the cynomolgus and Chinese rhesus macaques». Nature Biotechnology 29 (11): 1019–23. PMID 22002653. doi:10.1038/nbt.1992.