Manitoba
Manitoba er den austre av dei tre «prærieprovinsane» i Canada. Landbruk er ein viktig næringsveg her.
Manitoba | |||
provins | |||
|
|||
Motto: Gloriosus et Liber (latin, 'flott og fri') | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Winnipeg | ||
Areal | 647 797 km² | ||
Folketal | 1 342 153 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 15. juli 1870 | ||
Språk | engelsk og fransk | ||
Manitoba 55°N 97°W / 55°N 97°W | |||
Kart som viser Manitoba.
| |||
Wikimedia Commons: Manitoba |
Hovudstaden, med over halvparten av innbyggjarane i provinsen, er Winnipeg. Andre viktige byar er Brandon, Thompson, Dauphin, Swan River, Churchill, The Pas, Selkirk, Portage la Prairie, Gimli, Flin Flon, Steinbach, Morden, Virden, Minnedosa, Emerson, Lockport, Neepawa og Winkler.
Ei større gruppe islendingar utvandra til Manitoba på slutten av 1800-talet, og det finst framleis folk som talar islandsk der. På Island blir desse referert til som vesturíslendingar (vestislendingar).