Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Marius Müller

norsk musikar og songar

Marius Müller (20. august 195814. mars 1999) var ein norsk gitarist, vokalist, låtskrivar, programleiar og plateprodusent. Han voks opp på Manglerud i Oslo og starta karrieren som profesjonell musikar alt som 16 åring. Han vart for alvor kjend i 1981 med låten Den du veit og gav ut fem soloalbum og fem album med bandet Funhouse der han var frontfigur. I tillegg var han gitarist i musikkgruppa Lava ein periode. Müller vann Gammleng-prisen 1985 i klassen pop. Marius Müller omkom den 14. mars 1999 etter ei bilulykke på Østre Akervei i Groruddalen i Oslo.

Marius Müller

Fødd20. august 1958
FødestadOslo
Død14. mars 1999 (40 år)
DødsstadØstre Aker vei
FødenamnMarius Kjell Griff-Müller
OpphavNoreg
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar, musikar, komponist, gitarist, musikkprodusent, plateartist

Diskografi

endre

Soloalbum

endre
  • 1981 – Den du veit
  • 1982 – Er'e så nøye 'a
  • 1983 – Marius
  • 1985 – The Big Beat
  • 1995 – Seks
  • 2000 – Marius Müller (Samlealbum)

Album med Funhouse

endre
  • 1990 – Funhouse
  • 1991 – Maximum
  • 1993 – Big
  • 1994 – Plugged! (Livealbum)
  • 1997 – Det norske huset

Bakgrunnsstoff

endre