Nicolas Sarkozy
Treng oppdatering |
Nicolas Paul Stéphane Sárközy de Nagy-Bócsa, kjend som Nicolas Sarkozy, (fødd 28. januar 1955 i Paris) er ein fransk politikar. Han er formann for det konservative partiet, Union pour un Mouvement Populaire (Unionen for ei folkerørsle), og var president i Frankrike frå 2007 til 15. mai 2012. Som president i Frankrike var han òg fransk samfyrste av Andorra, saman med Joan-Enric Vives i Sicília. Han er son av ungarske foreldre som høyrde til den ungarske lågadelen, og som flykta frå heimlandet i 1944 kort før det vart invadert av Sovjetunionen.
Nicolas Sarkozy | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1955 (69 år) Paris | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Frankrike | ||
Yrke | politikar, advokat, statsmann, jurist | ||
Utdanna ved | Université Paris-Nanterre Universitetet i Paris Sciences Po Lycée Chaptal École Jeannine Manuel Institution Saint-Nicolas de Buzenval | ||
Mor | Andrée Mallah | ||
Far | Paul Sarkozy | ||
Ektefelle | Carla Bruni, Cécilia Attias, Marie-Dominique Culioli | ||
Barn | Jean Sarkozy, Giulia Sarkozy, Pierre Sarkozy, Louis Sarkozy | ||
Alle verv |
|
Sarkozy vart i januar 2007 vald til å representere regjeringspartiet UMP, i presidentvalet i april 2007. I fyrste valomgang fekk han flest røyster, og gjekk vidare til andre valomgang. Der stod kampen mellom han og den sosialistiske kandidaten Ségolène Royal, og han vart utropt til vinnar 6. mai 2007.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nicolas Sarkozy» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2007.