Nordmarkitt
Nordmarkitt er ein djupbergart med stor utbreiing i Oslofeltet. Det er ein alkalifeltspatsyenitt (eller kjemisk sett ein alkalisyenitt). Den eigenlege nordmarkitten fører alkaliamfibol og ægirin, og går med aukande kvartsinnhald over i ekeritt. Nordmarkitt brukast òg om ein syenitt-type med mørk glimmer (biotitt), som seinare er skilt ut som grefsensyenitt.
Steinindustri
endreDen lyseraude nordmarkitten, som seinare er vald til fylkesstein for Oslo, utgjorde saman med den svært like grefsensyenitten (under namnet «grorudgranitt») tyngdepunktet i landet sitt steinindustri mellom 1820-åra og 1870. Bergarten vart nytta ved bygging av Slottet i 1820-åra, løvene føre Stortinget, og etter brannen i Hamburg i 1842 vart store mengder eksportert til bruk ved gjenoppbygging av kaiar, kanalar og bygningar.
I brota, som låg mellom Grorud, Grefsen og Sogn, arbeidde fleire hundre menneske med bryting og hogging av denne steinen, som òg vart nytta til mellom anna kaier, bruer, bygningssoklar og trapper i Christiania og Aker. I 1845 byrja ein å hogge stein til Oscarsborg festning. Slaveriet på Akershus avgav fangar til dei militære byggmeistrane. Akershus Landsfengsel byrja steinhogging på eiga hand i 1850-åra, og store steinarbeid til Universitetet i Oslo, Stortinget, Trefoldighetskirken og Johanneskyrkja vart utført ved steinhoggeriet til fengselet.
I 2009 er berre éit mindre brot i drift, ved Bånkall øvst i Groruddalen.
Kjelder
endre- Nordmarkitt. (2010, 21. september). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nordmarkitt.