Organisasjon
Ein organisasjon (frå gresk organon, 'verktøy') eller ein skipnad er ein samskipnad av fleire menneske med nokolunde felles interesser eller mål. Organisasjon kan og visa til korleis ei gruppe er bygd opp på og verker, sjå organisasjonsteori.
Det finst mange ulike organisasjonar, til dømes internasjonale organisasjonar av ulike land, frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar og fagforeiningar.