Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

P4 er den største kommersielle riksdekkjande radiostasjonen i Noreg. Kanalen sender i det ein kallar det femte riksnettet, eller FM5-nettet, på konsesjon ifrå Kulturdepartementet. Kanalen har hovudkontoret sitt på Lillehammer, med avdelingskontor i Oslo, Bergen og Kristiansand.

Etter å ha sendt i det største kommersielle radionettet i Noreg, FM4, i ti år, mista P4 denne konsesjonen i 2003, og fekk i staden konsesjonen til det noko mindre FM5-nettet. Kanalen hadde i denne samband ei rekkje rettslege tvistar med kanal 4 som skulle overta FM4-nettet frå 1. januar 2004. Eit av resultata av desse tvistane var at Kanal 4 måtte endre namn til Kanal 24.

Til trass for overgangen til et nett med lågare dekkingsgrad har P4 klart å halde på dei fleste lyttarane. Ein reknar med at ca. ein million lyttarar høyrer på stasjonen kvar dag. Dette tilsvarer ein del på ca. 25 prosent (2004). P4 sikra seg dermed mesteparten av den kommersielle reklameomsetnaden i radiomarknaden.

Bakgrunnsstoff

endre