Pardubice
Pardubice er ein by i Pardubice kraj i Tsjekkia ved elva Elbe, 104 km aust for Praha.
Pardubice | |||
by | |||
|
|||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 237 m | ||
Areal | 77,7 km² | ||
Folketal | 88 181 (2005) | ||
Grunnlagd | Først dokumentert 1295 | ||
Pardubice 50°02′19″N 15°46′45″E / 50.03861°N 15.77916°E | |||
Kart som viser Pardubice.
| |||
Wikimedia Commons: Pardubice |
Byen vart grunnlagd rundt 1340, men det hadde vore eit kloster her sidan tidleg på 1200-talet.
Pardubice er ein viktig industriby, og her finst mellom anna ein kjemisk fabrikk (som produserer Semtex, eit plastisk eksplosiv), eit oljeraffineri, ein fabrikk for tungt maskineri og elektronisk utstyr.
Sidan 1874 har det vorte halde eit vidkjend hesteløp her, Velká Pardubická. Det er sagt at dette er det hardaste hesteløpet på kontinentet.
Pardubice har eit gamalt sentrum med mange restaurantar. Her finn ein eit gamalt tårn og eit nyleg renovert slott. Arnošt av Pardubice, den første erkebiskopen i Praha, vart fødd i Pardubice i 1297.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pardubice» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2007.