Pearl Buck
Pearl Sydenstricker Buck (fødd Pearl Comfort Sydenstricker, 26. juni 1892–6. mars 1973) var ein amerikansk forfattar. Ho fekk Nobelprisen i litteratur i 1938 for «för rika och äkta episka skildringar ur kinesiskt bondeliv och för biografiska mästerverk.»[1][2] Seks år før fekk ho Pulitzerprisen for The Good Earth (1931, Den gode jord).
Pearl Buck | |
Pseudonym | John Sedges |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 26. juni 1892 Hillsboro |
Død |
6. mars 1973, 1973 (80 år) |
Yrke | omsetjar, romanforfattar, sjølvbiograf, menneskerettsaktivist, manusforfattar, journalist, barnebokforfattar, skribent, misjonær, prosaforfatter |
Sjanger | biografi |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, Phi Beta Kappa |
Religion | Presbyterianisme |
Far | Absalom Sydenstricker |
Mor | Caroline Maude Stulting Sydenstricker |
Ektefelle | John Lossing Buck, Richard J. Walsh |
Born | Caroline Grace Buck, Janice Comfort Walsh |
Pearl Buck på Commons |
Liv og verk
endrePearl S. Buck var fødd i i Hillsboro, Vest-Virginia. Ho var dotter av ein presbyteriansk misjonær og budde ein del av barndomen i Keisarriket Kina. Det kinesiske namnet hennar var Sài Zhēnzhū (kinesisk skrift 賽珍珠).
Frå 1910 til 1914 studerte ho på eit college i Virginia. I 1918 gifta ho seg med jordbruksøkonomen John Lossing Buck. I åra 1922 til 1932 arbeidde ho som professor i engelsk litteratur ved universitetet i Nanjing, hovudstaden i Republikken Kina.[3] Dottera deira leid av Føllings sjukdom som det på den tida ikkje fanst lækjebot for. Pearl Buck skildra erfaringane saman med dottera i boka The Child Who Never Grew (1950, om lag «Barnet som aldri voks opp»).
Kulturkollisjonen mellom USA og det fjerne austen pregar bøkene hennar og ho vart ei talskvinne for toleranse og forståing mellom ulike kulturar. Romanen The Good Earth blir rekna som meisterverket hennar. Det skildrar på ein varm måte livet til dei kinesiske bøndene.
Buck publiserte 80 verk og fem romanar under pseudonymet John Sedges.
Nobelprisen
endreTildelinga av Nobelprisen i litteratur til Pearl S. Buck høyrer til dei mest omstridde avgjerdene til den svenske Nobelpriskomiteen. Kritikarane reknar romanane hennar for litterært verdelause – eigentleg som triviallitteratur. Etter at ho fekk Nobelprisen har det vore i bruk ein uoffisiell regel som seier at berre forfattarar som har vore nominert minst ein gong før kan få prisen. Regelen blir i kulturpressa gjerne kalla «Lex Buck».
Saman med den chilenske forfattaren Gabriela Mistral føreslo ho i 1950 den indiske filosofen og forfattaren Sri Aurobindo til Nobelprisen i litteratur.
Verk i utval
endre
Romanarendre
|
Novellerendre
Sjølvbiografiarendre
Biografiarendre
Sakbøkerendre
|
Litteratur
endre- Aadel Brun Tschudi: Pearl Buck og misjonen, 1951
Referansar
endre- ↑ "for her rich and truly epic descriptions of peasant life in China and for her biographical masterpieces".
- ↑ Nolbeltildelinga på nobelprize.org
- ↑ Leksikonartikkelen til forlaget F.A.Brockhaus (red.): Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Mannheim 2001, ISBN 3-7653-0491-3, s. 374.]
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Pearl Buck i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nolbeltildelinga på nobelprize.org
- Pearl S. Buck på fembio.org
- Biografi om Pearl S. Buck på www.english.upenn.edu