Mørketid
Mørketid er den tida på året då solsenteret ikkje kjem over horisonten på ein stad ved middag.[1] Fenomenet opptrer om vinteren og berre nord for den nordlege polarsirkelen og sør for den sørlege polarsirkelen. I ein periode er sola under horisonten, sjølv når ho er på det høgste. Denne perioden er kortast nær polarsirklane og varer lengre desto nærare polområda ein kjem. Ved polområda varer mørketida lengst, i om lag seks månader. Dei områda som har mørketid om vinteren vil ha midnattsol i eit tilsvarande langt tidsrom om sommaren.
På grunn av skumringseffekten gjer ikkje mørketida at det er mørkt 24 timar i døgnet, på same måte som det elles blir lyst før soloppgang. Dei døgna i mørketida då sola ikkje kjem høgre enn 6° under horisonten og ein derfor ikkje har tussmørke, blir kalla for polarnetter.[2]
Norske datoar for mørketida
endreDatoar for mørketida i ulike stader i Noreg.[3] Datoene i tabellen viser når sola ikkje kjem over horisonten. I praksis varer mørketida lenger dei fleste stadene, fordi fjell i sør sperrar for sola når ho står lågt på himmelen. Dette kan også vere tilfelle sør for polarsirkelen på stader der det er høge fjell i sør. Rjukan i Telemark har til dømes mørketid flere veker i året på grunn av fjella i den tronge Vestfjorddalen.
Stad | Frå | Til |
---|---|---|
Svolvær | 7. desember | 5. januar |
Harstad | 2. desember | 10. januar |
Bardufoss | 30. november | 12. januar |
Andenes | 29. november | 13. januar |
Tromsø | 27. november | 15. januar |
Alta | 25. november | 17. januar |
Vardø | 23. november | 19. januar |
Hammerfest | 22. november | 20. januar |
Berlevåg | 21. november | 21. januar |
Jan Mayen | 20. november | 21. januar |
Nordkapp | 20. november | 22. januar |
Bjørnøya | 7. november | 4. februar |
Hopen | 31. oktober | 10. februar |
Sveagruva | 27. oktober | 15. februar |
Barentsburg | 26. oktober | 15. februar |
Longyearbyen | 26. oktober | 16. februar |
Pyramiden | 25. oktober | 17. februar |
Ny-Ålesund | 24. oktober | 18. februar |
Magdalenafjorden | 22. oktober | 19. februar |
Rossøya | 19. oktober | 23. februar |
Nordpolen | 25. september | 18. mars |
Referansar
endre- ↑ «mørketid». Store Norske Leksikon. Henta 18. oktober 2013.
- ↑ «polarnatt». Store Norske Leksikon. Henta 18. oktober 2013.
- ↑ Hva er egentlig mørketid?, arkivert frå originalen 20. oktober 2013, henta 19. oktober 2013
Bakgrunnsstoff
endre- Mørketid og midnattssol Arkivert 2020-11-23 ved Wayback Machine. frå yr.no